Et vakkert ord som blir det samme begge veger, og kan leses i et speil

Ove Taranger Nesbø, logobilde Spaltist i Innherred Lærer, kirkesanger og autodidakt Dylan-tolker  

Spaltister

Tillit er eit vakkert ord.

Sjå litt på ordet «tillit». Ordet kan lesast begge vegar, frå høgre eller venstre. Det er eit palindrom, som Anna og Otto. Bokstavane t, i og l er også symmetriske, og ordet kan lett lesast i eit speil. Men det som særleg er vakkert ved ordet tillit, er at ordbilete og tydinga av ordet heng i hop. Tillit mellom to partar vert skapt frå begge sider. Du må ha tillit til meg, om eg skal ha tillit til deg. Tillit krev tillit begge vegar.

Kvifor tenkjer eg på dette no, i denne uvanlege krisetida for landet og verda? Menneske og samfunn kan rivne sund i krisetider, og kan bli øydelagd for alltid. Samfunn der tillit rår klarar seg mykje betre enn samfunn med låg tillit mellom menneska.


«Tillit vert i aukande grad sett på som ein indikator på kor godt eit samfunn fungerer», skriv sosiologen og forskaren Trygve Gulbrandsen. Og vidare: «Tillit er ei innstilling hos ein person til ein annan person (eller til eit bestemt sosialt system) som inneheld ein forventning om at den andre ein gang i nær eller fjern framtid vil utføre eller avstå frå bestemte handlingar. Med andre ord, tillit er ei haldning som vert danna før ein aktør set i verk ei tillitsbasert handling.» (1)

Dagens spaltist skriver om eit ord som han syns er sunt, vakkert og viktig. Men også et ord som vi må verna om. 

Tillit er ei innstilling hos deg, med ei bestemt forventning til partnaren din, venen din, arbeidsgjevaren din eller samfunnet. Ingen kan krevje tillit av den andre parten, du må gjere deg fortent til tillit. Tillit er gjensidig, tillit må lesast begge vegar, tillit er eit samspel.

Lat meg ta eit døme: Du køyrer bil, du sit i passasjersetet og er glad og trygg. Korleis er det mogeleg, når du sit fastspent i ein metallboks som susar av garde på ei smal stripe veg? Du har ikkje tilgang til verken ratt eller bremsepedal. Rett i mot kjem ein svær trailer, som susar forbi med ein klaring på mindre enn ein meter. Du er trygg og glad fordi du har tillit til sjåføren i bilen du sit i, til sjåføren i den møtande bilen, til bilprodusenten, dekkprodusenten og til vegstyresmaktene. Om du ikkje stolar på sjåføren, bilen, dekka eller vegvedlikehaldet, vert du usikker og redd. Du har ikkje tillit til den andre, og turen er øydelagd.

Ove Taranger Nesbø er fast spaltist i Innherred. Her finner du flere av hans tekster

Eit anna døme er: Du er midt i livet, med familie, jobb, huslån og hobbyar. Du er glad og trygg. Ein pandemi råkar verda, landet og bygda di, og styresmaktene stenger ned samfunnet. Kvardagen endrar seg, privatøkonomien er trua og jobbframtida usikker. Kva gjer du? Du vert kanskje redd? Du hentar fram alle våpen du har i huset, for du vil forsvare familien din og bygda di. Du går ut på gata og vil demonstrere mot styresmaktene, du vil kjempe mot politiet om naudsynt. Ikkje det? Kvifor ikkje det? Kanskje fordi du som leser Innherred ikkje bur i USA, Brasil eller UK, men truleg i Norge.


Forskarar har over lang tid målt graden av tillit i dei fleste land i verda, ved å stille dette enkle spørsmålet: «I kva grad er folk flest til å stole på?» Kva svarar folk på dette spørsmålet i Norge, USA, Brasil og UK? 73 % av norske menn og kvinner meiner at folk flest er til å stole på. For USA er det 38 %, i UK 30 % og i Brasil 7 %, som meiner at folk flest er til å stole på. Tala for tillit til styremaktene er ikkje heilt ulike desse. (2)

«Mistillit er dødeleg under koronakrisa. Difor er det norske «tillitsfondet», tilliten folket har til kvarandre og til styremaktene, viktigare enn oljefondet», skriv folkehelseforskarane Arne Holte og Jocelyne Clench-Aas til nettstaden psykologisk.no. (3) Holte uttalar vidare til NRK, at «Dess lågare tillit, desto større spreiing av viruset». Han meiner at ein på førehand nesten kunne spå spreiinga av koronaviruset ut frå nivået av tillit i eit land. Om ein stor del av folket ikkje har tillit til styresmaktene, kan det føre til dei ikkje føl råda som helsestyremaktene gjer. Brasil er eit døme på dette, der tilliten er svært låg, og det er ei eksplosiv spreiing av koronaviruset, seier professor Holte til NRK. (4)

Mistillit er dødeleg, vert det hevda. Vi kan kanskje slutte av det, at tillit er sunt. Tillit er sunt for deg og meg, tillit er bra for arbeidslivet og tillit er viktig for samfunnet.

«Den store tilliten nordmenn har til eige samfunn, gjev større økonomisk avkastning enn olja i Nordsjøen. (……) Menneske som stolar på medmenneska og styremaktene, er meir produktive enn innbyggarar i land der tilliten er låg.», hevdar professor Alexander Cappelen ved NHH, ein av våre fremste forskarar på rettferd og ulikskap.

Tillit er altså ikkje berre sunt, men tillit er også økonomisk lønsamt.

Det vert sagt at motgang gjer ein sterk. Du, eg og alle veit også at motgang kan knekke sjølv den sterkaste. Eg fryktar at korona-krisa, globalt og lokalt, kan knekke folk og samfunn. Eg håpar og trur at vårt folk og vårt samfunn kjem styrka ut av krisa.


Dess meir eg les, dess meir vert eg klar over at tilliten mellom folk og folk, og tilliten mellom folk og styresmakter, er viktige ressursar. Difor kan vi ikkje tillate oss å gamble med tillitskapitalen i samfunnet. No brukar vi store mengder sparepengar frå oljefondet, men vi må ikkje ta ut like mykje kapital frå tillitsfondet.

I det store og heile har eg sjølv tillit til Storting, Regjering, rettsvesen og lokale styremakter. Solberg har i denne krisetida vist min tillit verdig, men Høgre vil likevel ikkje få mi stemme ved neste val. Eg er ikkje høgremann, men eg hatar på ingen måte høgreregjeringa. Eg respekterer Regjeringa, eg prøver å forstå kvifor politikk og vedtak vert slik det vert. Og i blant er eg rasande ueinig i det som styresmaktene bestemmer.

Til dømes er eg svært kritisk til utbygging av vindkraft i urørd natur, men meir positiv til bruk av vindkraft i industriskog og kulturlandskap nær eksisterande infrastruktur. Av og til vert eg sint og redd, og skriv innlegg med tjukk skrift på Facebook og andre stader. Eg må innrømma at eg på dette området har mista tillit til styresmaktene sin energi- og miljøpolitikk.


I eit godt demokrati skal vi kunne vera ueinige med kvarandre i sak og politikk, det er faktisk viktig med skarp og sakleg debatt. Likevel er eg uroa over at mange viktige debattar, som vindkraftdebatten, endar opp i hatefulle vendingar og skuldingar. Og det som verre er, konspirasjonsteoriar.

Det kan sjå ut som om vi har tatt til oss kulturelle trekk frå USA og Storbritannia, også på dette området. Våre nærast allierte, landa vi kan takke vår fridom og vårt demokrati, ser ut til å bli sundrivne i hat, mistillit og konspirasjonsteoriar. Det uroar meg sterkt å observere denne skarpe tonen, ja nesten hatet, i meiningsutveksling i det offentlege rom, i sosiale og usosiale medium.

Forskarar fortel oss at tillit er vår viktigaste ressurs. Ein treng ikkje vera forskar for å forstå eller anerkjenne det. Difor må vi passe oss for å ta ut mykje kapital frå tillitsfondet vårt. Hat, mistillit og konspirasjonsteoriar må ikkje få rive ned tilliten mellom oss, eller øydelegge sakleg debatt og usemje.

Tillit er eit vakkert ord. Tillit kan og skal lesast begge vegar, frå høgre til venstre og frå venstre til høgre. Tillit kan ikkje kjøpast, krevjast eller vedtaksfestast. Tillit vert skapt over tid. Tillit kan rivast i sund, misstillit kan erstatte tillit. Overdriven sjølvtillit, kan stå i vegen for tillit.

Tillit er sunt. Tillit er lønsamt. Tillit er vakkert.


Utan tillit stoppar Norge. Vi må verne om tilliten i samfunnet. Gjer mot andre, det du vil at andre skal gjere mot deg. (6) Snakk med andre, slik du vil at andre skal snakke til deg, dine barn og barnebarn. Skriv til andre, slik du vil at andre skal skrive i det offentlege rom.

Vi er eit heldig folk, med tre store kapitalbasar: Tillitsfondet, Naturressursfondet og Oljefondet.

Tillit byggjer vi millimeter for millimeter, men riv den metervis.

Tillit er eit vakkert ord.

Ove Taranger Nesbø

Mangesyslar


Kjelder i artikkelen

1: Guldbrandsen, T. (2019), «Kva er tillit?». Sosiologen, 29. oktober 2019.

2: Ortiz-Ospina, E. & Roser, M. (2016) - "Trust". Published online at OurWorldInData.org.

3: Holte, A. & Clench-Aas, J. (2020). Innlegg på nettstaden psykologisk.no. Publisert 26. Mars 2020

4: https://www.nrk.no/urix NRK Urix, 8. mai 2020

5: https://www.forskningsdagene.no/artikler Forskningsdagene, 25. august 2017

6: Bibelen. Matteus, kap 7 vers 12