Spaltisten

Morild i fjorden: Eg la frå meg boka, la kajakken på sjøen og stupte i det!

Eg visste at det var morild i fjorden. Eg kunne ha lagt meg med godboka mi, utan å gå til sjøen. Men eg la frå meg boka, la kajakken på sjøen og stupte i det.  Foto: Mads Claus Rasmussen/Ritzau Scanpix

Spaltister

Eg vaks opp ved fjorden, og har budd ved fjorden heile livet. Fensfjorden, Krossfjorden, Osterfjorden, Trondheimsfjorden, Hafrsfjorden og Namsfjorden. Månadene ved foten av Himalaya og åra ved breidda av Gaula tel ikkje i denne samanheng.

Nyleg opplevde eg fjorden slik eg sjeldan opplever den, det var morild i Namsfjorden. Eg oppdaga det tilfeldig då eg såg etter båtane for kvelden. Kona mi vart med meg ned til brygga, ho hadde aldri før sett morilden.

Det er nesten ikkje til å tru at vatnet kan gneistre. Morild er ei merkeleg fenomen, det kan kanskje samanliknast med eldfluger? Eller stjerneskot?

Ove Taranger Nesbø er fast spaltist i Innherred. Her finner du flere av hans tekster

Eg kunne ikkje dy meg, eg måtte berre gjere det. Eg gjorde det.

Nett før midnatt rusla eg ned til flytebrygga, tok på meg padlevest, fata nyåra mi og la kajakken på vatnet. Eg padla i tilnærma mørke og glei utover flate fjorden. Morilden gløda i baugbølgja og det gneistra i kvart åretak.

Det kan vera stille på fjorden ei tidleg augustnatt. Svak elvesus og eit hegreskrik var einaste lydane eg ikkje laga sjølv. Det var berre fjorden, kajakken og meg. Og morilden. Vannvittig vakkert.

Eg kunne ikkje late vera. Det var ikkje til å kome i frå. Eg stupte i det.

Då båten var tatt opp og låg kvelvd på bryggja, heiv eg av meg vest og våtdrakt, og stupte i fjorden. 16 grader går godt. Det var ikkje mykje å sjå under vatnet, men då eg kom til overflata leika morilden rundt meg. Det er ei underleg kjensle å sømje i svarte vatnet, med morildgneistane flytande rundt kroppen.

Eg har to klare minner frå tidlegare morildopplevingar.

Det første minnet kan vera frå tenåra. Umogeleg å tidfeste, men lat oss seie 1979, sidan det var eit kronår i oppveksten min. Vi rodde gamlebåten, ein over hundre år gamal færing. Oselvar eller masfjording, i alle fall ein trebording av godt handverk. Færingen var god å ro. Eg drøymer enno om skaffe meg ein Oselvar. Det var rundt midnattstida, vi var på veg heim frå kveldsbad og bålkos i heimeholmane. Eg sat i bakskuten, med eine handa i vatnet. Morilden fauk rundt i årekvervlane, langs handa mi og i kjølvatnet. Det er lett å kalle fram den taktile kjensla av fløyelsmjukt vatn som renn gjennom hendene, og det forunderlege synet av morilden.

Det andre minnet er frå sommaren 1997. Det var tropesommar i Trøndelag, og sommaren vara langt utover i september. Svigerinna mi og eg, sykla til Røstad for å ta kveldsbad. Sola hadde gått ned bak Fosen, men lyste opp vesthimmelen. Fjorden gløda. Inn ved Røstadlandet var det likevel svarte vatnet. Vi kasta oss i den varme fjorden, og oppdaga morilden rundt oss på alle kantantar. I vantru sømde vi i det glødane, lunka vatnet.

I år fekk eg eit nytt morildminne eg skal ta vare på. Eg skulle så gjerne synt dykk vakre bilete frå opplevinga, men det kunststykket prøvde eg meg ikkje på.

Eg visste at det var morild i fjorden. Eg kunne ha lagt meg med godboka mi, utan å gå til sjøen. Men eg la frå meg boka, la kajakken på sjøen og stupte i det.

PS! I følgje Illustrert Vitenskap (illvit.no) er morild eit lysfenomen som oppstår i saltvatn der det finns spesielle typar algar. I Norden er det Noctiluca som lager det rare lyset i vatnet. Noctiluva er ei lita, eincella og kuleforma alge som sender ut eit lysglimt når den blir forstyrra. Vasstemperatur på 18-20 grader gjev dei beste tilhøva for algane. I Norden er det difor mest vanleg med morild i varme seinsomrar, når sjøvatnet er godt oppvarma.

Ove Taranger Nesbø


Lik Innherred debatt på Facebook