«Dei som hevdar at jorda er flat, har medvind i segla for saka si, det er stadig fleire som meiner at jorda er flat.»

Donald Trump seier at visepresident-kandidat Kamala Harris er ein kommunist, og store delar av det amerikanske folket trur verkeleg at Kamala Harris er kommunist..  Foto: AP Photo / Carolyn Kaster

Spaltister

Ein tidlegare kollega ved Gauldal vgs spurde meg eingong tidleg på 90-talet: «Ove, kva vil skje no når avhaldsrørsla, arbeidarrørsla og den kristne lekmannsrørsla ikkje lenger har autoritet?» Eg vil reformulere spørsmålet, og stille spørsmålet til deg som leser avisa Innherred: «Du, kva vil skje no når fakta ikkje finns og ein kvar kan lage si eiga sanning?»

Denne hausten er prega av pandemien og den merkelege utviklinga i USA. Er vi vitne til at stormakta og demokratiet USA fell saman? Ser vi eit samfunn der sanning ikkje finns, der fakta ikkje har verdi og leiarane ikkje respekterer fakta, folkeskikk, lover og reglar? Og viktigare for oss: er dette starten på forvitringa av dei vestlege demokratia?

Ove Taranger Nesbø, PhD-kandidat ved Nord universitet      

Les mer: Ove Taranger Nesbø er fast spaltist i Innherred. Her finner du flere av hans innlegg.

Først litt om kva som driv endringane: Framtidsforskaren Kjell A. Nordström proklamerer at det er tre viktige drivarar for endring i samfunnet generelt og arbeidslivet spesielt: Globalisering, Urbanisering og Digitalisering endrar verda vår. «Alt som kan digitaliserast, vil bli digitalisert», proklamerer Kjell A. Nordström. «Vi må halde orden på FAANG: Facebook, Apple, Amazon, Netflix & Google. Desse selskapa set standarden for alle innovasjonar - dei set reglane», held han fram.

Vi kallar digitaliseringa for den fjerde industrielle revolusjon, industri 4.0. Den første bølgja var mekanisering ved bruk dampmaskin, den andre masseproduksjon gjort mogeleg ved elektrisiteten, den tredje revolusjonen var automatisering ved datateknologien og den fjerde er altså prediksjon ved digitalisering, stordata og kunstig intelligens.

Godt å våttå om våre spaltister

Innherred har faste bidragsytere som spaltister i lokalavisa hver lørdag. Dette er de faste spaltistene: Idar Kjølsvik, Oddny Gumaer, Ove Taranger Nesbø, Karin Jegtvik, Espen Leirset, Oddveig Storstad, Eivind Hofstad Evjemo, Andreas Ryen Eidem, Odd Helge Roksvåg og Per Anders Folladal.

En oversikt over deres innlegg finner du her



Digitaliseringa endrar kvardagen vår, i arbeid og fritid, på godt og vondt. Som produsentar og tenesteytarar, og som forbrukarar og tenestemottakarar. Dei fleste av oss kommuniserer, handlar, bruker, yter eller tar i mot, på eit heilt anna vis i dag, enn slik det var for få år attende.

Du kan like gjerne lære orda algoritme, stordata og prediksjon først som sist, sidan du likevel sannsynlegvis er fanga av dei.

Enkelt forklart er ei algoritme ei oppskrift som fortel korleis noko skal utførast. Ei kakeoppskrift er slik sett ei algoritme. Bakaren følgjer ei oppskrift steg for steg til kaka er ferdig. Ho nyttar systematisk kunnskap, oppskrifta eller algoritmen, for å løyse ei oppgåve. Databehandling er stort sett basert på algoritmar.

Stordata (BigData) er analysemetodar knytt til enorme mengder data, for store og ustrukturerte til at ein kan nytte tradisjonelle teknikkar for å hente ut brukbar informasjon. Vêrvarsel som yr.no er døme på bruk av stordata, ved at algoritmane til YR samlar og prosesserer enorme mengder data, som temperaturar, trykk og satellittbilder, mange gongar om timen frå tusenvis av lokasjonar.

Prediksjon er berekning av framtida basert på sannsynlegheit. Algoritmar som brukar stordata er predikeringsmaskiner, som kan spå om framtida med høg grad av sannsynlegheit. yr.no er ei predikeringsmaskin, som spår vêret på Stiklestad i morgon kl 13.

Oppgåvene til algoritmane i FAANG-datamaskinene er å berekne din framtidige åtferd og dine behov. Eksempelvis: Du har dei siste vekene nytta Facebook og Google, og du har også «Stedstjenster» slått på din mobiltelefon. FB og Google har då dei siste vekene samla opp tusenvis av data om akkurat din åtferd. Algoritmen som følgjer nettopp deg, bereknar og predikerer med stor sannsynlegheit kva du skal gjere, lese, sjå og tenke dei neste minutta, timane og dagane. FB og Google veit meir om deg enn du sjølv og dine næraste.

Det finns ikkje sanning lenger. Alle kan definere si eiga sanning. Tar sosiale medium og algoritmar knekken på demokratia?

Kvifor gjer FB og Google dette? Dei vil selje deg annonser som er skreddarsydde for nettopp deg, og difor vil dei vite kva for lyster og behov du har akkurat no.

Kva er problemet, spør du? Tja, det minste problemet er at du kjøper ting du ikkje har bruk for eller har råd til. Det verkelege problemet er at nokon vil påverke dine meiningar og haldningar, og dei veit alt om deg, også dine svake punkt.

Sett at hundre personane googlar (ja, det er til og med eit norsk verb) «klimaendringer», då vil Google hoste opp mange forslag til svar. Eg fekk 743 000 resultat på eit halvt sekund. Men det er ikkje tilfeldig kva for resultat som kjem øvst på skjermen. Kvar av desse hundre får ulike svar, basert på kva svar Google-algoritmen trur du vil ha. Om ti av desse hundre er skeptiske til FN’s klimapanel sin forklaring om at klimaendringane er reelle og menneskeskapte, veit Google det, og gjev desse flest svar som støttar deira klimaskepsis. Dei andre nitti får truleg tilbydd svar som støttar synspunkta FN sitt klimapanel.

«The concept of global warming was created by and for the Chinese in order to make U.S. manufacturing non-competitive.” (twitter.com. Donald Trump, 6. Nov 2012)

Er dette eit problem? Etter mi meining er dette eit kjempeproblem. Det finns ikkje noko sanning lenger. Det finns ikkje noko minste felles oppfatning av verda og samfunnet.

Dei som hevdar at jorda er flat, har medvind i segla for saka si, det er stadig fleire som meiner at jorda er flat. Dei som hevdar at Holocaust ikkje fann stad, har gode tider, det er stadig fleire som er sikker på at Holocaust er ein vellukka konspirasjon laga av kapitalsterke jødar. Og dei som meiner at Covid19-pandemien er planta av kinesarane for å øydelegge USA, ser ut til å nå fram i store delar av det amerikanske folket.

“Ingen fly og ingen terroristar var involverte i 9/11 – i staden var angrepet eit stort bedrag, nøye iscenesett av den amerikanske regjeringa og CIA. Åtaket skulle i følgje konspirasjonsteoretikarane sikre at George W. Bush fekk eit påskot for å gå til krig i Midtøsten for å sikre USA tilgang på olje.” (historienet.no. 5. jul 2016)

Trump seier at visepresident-kandidat Kamala Harris er ein kommunist, og store delar av det amerikanske folket trur verkeleg at Kamala Harris er kommunist. Om nokon som lurar på Trump sin påstand, og spør Google om kva kommunisme og sosialisme er, får dei svar etter kva Google-algoritmane trur (predikerer) den enkelte vil høyre.

"She is a Communist. She's not a Socialist. She's well beyond a socialist." (Donald Trump til Fox News, 7. Okt 2020)

Det finns mange, og til dels gode dokumentarar om saka. Programmet «Den usynlege valkampen» på NRK fortel om korleis kristenkonservative og ressursrike krefter prøver å manipulere amerikanarane til å røyste på Trump, der våpenet er tilsynelatande harmlause persondata frå kyrkjelydane sine databasar. Netflix-dokumentaren «Det sosiale dilemma», utforskar sosiale medium og kva for skadar dei kan ha påførd samfunnet. Prioriter gjerne desse dokumentarane framfor nyheitene i veka som kjem.

No reknar eg meg som ein nøktern teknologioptimist, med over gjennomsnittleg interesse for kva digitalisering og kunstig intelligens gjer med meneske og samfunn. Likevel er eg skræmd og uroa over det eg i høst har sett og lese. Dei fleste verktøy kan brukast til både godt og vondt, tenk berre på kniven. Eg trudde lenge at internettet og sosiale medium hadde meir godt med seg enn vondt, som kniven. No veit eg ikkje.

Har vi kome til tida etter sanninga? Kan vi ikkje einast om kva som er rett og gale? Er jordkloden eigentleg rund? Lever Elvis? Er Holocaust oppspinn? Var åttaka på Twin Tower icenesett av Holywood? Kan vi stole på styremaktene? Er no demokrati det beste styresettet?

Kven skal styre om demokratia fell?


Ove Taranger Nesbø

PhD-kandidat ved Nord universitet





Lik Innherred debatt på Facebook