Spaltisten:

«Måtte ei folkerørsle plukke opp dette slagordet, og gjere det til si kampsak det neste hundreåret.»

– Arbeiderpartiet sitt gamle slagord er godt: «By og land, hand i hand – Heile folket i arbeid». Måtte ei folkerørsle plukke opp dette slagordet, og gjere det til si kampsak det neste hundreåret, skriver dagens spaltist. 

Spaltister

«Det er over femti år sidan Armstrong ringde frå månen og heim til Texas, men i 2021 kan ikkje vi her Leirfjorden eingong ringe inn til Namsos», ytra Roger Bonde med glimt i auga då vi møttes i vinterferien. Vi som er hyttegjestar i fjorden lever godt med ustabilt mobilnett, medan fastbuande og pårørande til eldre menneske fortvilar. Roger har stort sett glimt i auga, men eg tvilar på at han er særleg blid når han snakkar med kundesørvisen i Telenor. Dekningskartet til Telia ser ut som kart over Sydpolen.

Telenor byggjer ned koparnettet sitt. Om linja dett ned, heng dei ho ikkje opp att. Om du vil flytte abonnementet ditt frå første til andre etasje i same bygningen, nektar Telenor å kople deg til. Alle skal over på mobilnettet eller breibandsnettet, også eldre analoge menneske og bustadar utan stabil mobildekning eller breiband i huset.

Roger Bonde var i det heile i lunt krigshumør den dagen eg møtte han, på synfaring rundt hyttetomten vi leiger av han. «Kor går det med søknaden din om dyrking av furumyra?», spurte eg Roger. «Nei, dei vil at vi skal satse og utvikle bygda, men dei nektar meg å dyrke opp denne vesle skog-kledde myra som han Willy grøfta på 60-talet.»

Ove Taranger Nesbø, spaltist i Innherred 

Les mer: Ove Taranger Nesbø er fast spaltist i Innherred. Her finner du flere av hans innlegg.

«Om du søkjer om eit naust, får du knapt rulle ein stein ut i sjøen utan å få miljøvernavdelinga på nakken. Men herpa heile fjellet med vindkraft, kan dei få lov til. Det er klart folk og lokalsamfunn reagerer på dette», sukka ordførar i Masfjord kommune Karstein Totland til Bergens Tidene 25. august 2020.

Er du bonde eller bufast ut i fjorden eller på bygda, kjenner du deg ikkje att i rolla som klimaversting. Rett nok kjører dei mange bil-mil for året, og brenn opp ein del tusen liter diesel og bensin. Men elles fyrer dei med heimelaga ved, byggjer og fikser bygningane sine med heimelaga material, fiksar bilar og maskiner i eige verkstad. Dei fangar fisken sin sjølv, og hentar kjøtet sitt i skogen. Husdyra beiter rundt nåvene, og flugene surrar rundt skiten. Dei kjenner seg i pakt med naturen, ikkje fiendar av kloden.

Bygdafolk og politikarar i kyst- og fjordstroka utanfor, opplever at styresmaktene har regulert strandlina deira på same måte og med same forvaltning som strandsona i Oslofjorden. Vil du byggje deg eit naust eller regulere inn ein hyttetomt eller ti, bør du helst leggje nausta og hyttene langt opp i fjellsida. Men i Masfjorden og Namsfjorden er det ikkje tradisjon for å byggje verken naust eller hytter 200 meter opp i lia, men nede ved sjøen eller oppe på fjellet. Om du tek deg ein kik på kartet, skjønar du sikkert kvifor.

Godt å våttå om våre spaltister

Innherred har faste bidragsytere som spaltister i lokalavisa hver lørdag. Dette er de faste spaltistene: Idar Kjølsvik, Oddny Gumaer, Ove Taranger Nesbø, Marte Hallem, Espen Leirset, Ingigerd Husbyn, Johan Fredrik Rye, Oddveig Storstad, Eivind Hofstad Evjemo, Andreas Ryen Eidem, Odd Helge Roksvåg og Per Anders Folladal.

En oversikt over deres innlegg finner du her


Så sit dei der i fjorden med avslaga frå Statsforvaltaren, på søknadane om nydyrking, naustbygging og hyttebygging, medan andre får lov til å knuse fjella rundt fjorden for å byggje milevis med tilføringsvegar og sette opp vindkraftmaster høge som Eiffel-tårnet. Folka ved fjorden forstår ikkje dette. Folka ved fjorden vert forbanna, på sentralmakta, på Statsforvaltaren, på byfolk og på politikarar. Dei visste at Fylkesmannen var Staten sin forlenga arm ut i fjordane, men no kjennes det hakket verre når sjølve STATSFORVALTAREN sit i byen og forvaltar det Staten ikkje eig på bygda.

Eg er ein stril og bygdamann, og har sidan eg var liten sett på samfunnet i eit sentrum-periferi-perspektiv. Eg er stril, ikkje bergensar. Eg er vestlending og trønder, ikkje austlending. Eg har takka nei til million-tilbod på stillingar i Oslo, då eg aldri har sett for meg at eg kunne bu der. Vi er busett i sørlia ved Eidsbotn i vesle Levanger, og investert resten av pengane våre på hytte ved fjorden.


Eg brukte dei beste arbeidsåra mine som enøk-misjonær og profesjonell klimaforkjempar, og i samband med dette gjort min del av samfunnsrekneskap, energirekneskap og klimarekneskap. Det er lett og naturleg å erkjenne at vi må auka innsatsen for å redusere klimagassutsleppa våre, ta betre vare på naturmangfaldet og sikre allemannsretten. Eg erkjenner at styresmaktene no og då, og til ein viss grad, må regulere åtferda til enkeltmenneske, verksemder og lokalsamfunn.

Likevel vert eg arg på vegne av folka ved fjorden. Dei opplever at STATEN si haldning er at bygdafolk øydelegg KLODEN, og at bygdafolk ikkje er opptatt av naturmangfald og allmenningsretten. Roger Bonde og ordføraren i Masfjord skjønar ikkje kva STATEN meiner, når STATEN samstundes vil bygge milevis med vindkraftveg opp i fjella deira.


Når dyrking av 10 da myr er klimaskadeleg, og knusing av hundrevis av dekar fjell og steinsetting av fjellmyrer 2-3 km opp i fjellet er klimatiltak, er det vanskeleg å henge med, sjølv for ein vasskraftingeniør og så kalla klimaekspert som meg.

Folka ved fjorden strevde eit halvt tusen år med å forstå Gud sine handlingar, og kjende seg ikkje alltid att i rolla dei hadde fått tildelt som arme og syndige menneskje. (Les «Menneske og maktene» på nytt, om du har gløymt dette.) I vår tid strevar bygdefolk flest med å forstå rasjonale bak Staten sine handlingar, og folket kjenner seg ikkje igjen i rolla dei er tildelte som «natur- og klimasyndarar». Dei nektar å ta innover seg skamma Staten og eliten prøver dytte på dei.

Når bygdafolk flest ikkje forstår Staten, då har både folk og stat ei stor utfordring. Når folk i periferien ikkje kjenner seg i slekt med dei urbane, og omvendt, då er vi ikkje lenger eitt folk. Når folk flest, lokalpolitikarar og lokal forvaltning kjenner seg overkøyrd av sentrale styresmakter, då er demokratiet i fare.

Dei siste åra har eg sett med undring på galskapen i USA, der kvite kvinner og menn hatar byfolk, makta, eliten, akademikarane, klima-realistane og STATEN. Eg tenkjer at heile USA kan gå til grunne, og eg frykta borgarkrig ei stund. Ikkje nord mot sør, men by mot land og bygdefolket mot eliten.


Utan samanlikning, men likevel, har eg observert framgangen og gjennomslaget Senterpartiet har hatt i same periode her heime hos oss. Heldigvis, og sjølvsagt, utan den same hat-retorikken som i USA. Trygve er ikkje min mann, men eg likar han likevel. Han er slu og smart, men også godhjarta og sjarmerande. Då makteliten var på Arendals-veka, var Trygve på helserunde på i Lofoten. Om ikkje Ap og Høgre snarast skjønar dette, kjem Senterpartiet til å gjere reint bord i bygdenorge.

Eg er ikkje redd for at vi får amerikanske tilstandar i Norge, men vil likevel åtvare mot at politikk, forvaltning og tenkjemåte vert forma og utøvd berre med utgangspunkt i globale og urbane problem og utfordringar. Folk flest er faktisk lokale, og tek tankane sine frå der dei lever.


Grasrotrørsler veks frå jorda. Både godgras og ugras veks betre i jord enn i asfalt og betong.

Arbeiderpartiet sitt gamle slagord er godt: «By og land, hand i hand – Heile folket i arbeid». Måtte ei folkerørsle plukke opp dette slagordet, og gjere det til si kampsak det neste hundreåret.


Ove Taranger Nesbø

Stril i eksil og urban bygdamann


Lik Innherred debatt på Facebook