Kan ein tenke seg noko betre på ein vårdag?

Ingigerd Husbyn er spaltist i Innherred.  

Spaltister

Kan ein tenke seg noko betre enn ein vårdag å sitje i bakgården til det vesle galleriet, nippe til eit glas og myse gjennom solbrillene over til bjørkene og kyrkjegarden, der det vesle gravfølgjet no pustar letta ut over å ha fått gamlefar vel og vakkert plassert ned i jorda. På denne vakre dagen ventar lunsj og minnestund; presten tørkar sveitten og lukkar salmeboka med ein smell. Svarttrosten avleverer sitt credo, og vi nippar igjen til glaset: «Skål for vår fødsel, vårt liv og vår død!»

Slakteriet i bakgrunnen lest vi som vi ikkje ser. Vi tenker i denne stunda berre på ånd og himmelferd - i fjern framtid - og hentar fram minnene frå Monselice, der ein inne i eit sanktuarium kan stå og sjå på dei små, kvite skjellettane av to gamle pavar (i due papi) vakkert danderte, omgjevne av mørkeraude roser. Jammen er døden vakker i Italia!

Ramses den andre, farao, mumie (1200 f. Kr.) er ikkje til samanlikning ein gong! Grå og tannlaus som han er.

Men så: Utan varsel kjem snøbyga inn frå Inderøy mot meg, her eg sit ved kjøkenglaset og skriv.

Sett slikt!

Spaltisten lar tankane fly mens hun priser våren med gode ønsker og lengsler, og registrerer april med sine værskifter. Tegning:Ingigerd Husbyn.  

Dei søte vårtankane og vårlengslene mine vert brutalt rivne bort, for snøveret står no som ein vegg, og fjorden svartnar. Kan det vera Hain Bisk med Grutte Gråskjegg i følgjet sitt som er ute og fer så seint på våren?

Ytterøyferja får det brått travelt med navigasjonen, den mister både syn og hørsel og virrar- litt fram og tilbake ute på fjorden. Her må ein stole blindt på teknikken! ropar kapteinen.

Like fort som byga kom og herja vettlaust med dei gamle vindskiene her på huset, like fort for ho. Over Støreshøgda bers det, så ein runddans opp i Markabygda der ein sveitt vedhoggar får seg ein uventa dusj rett i halsgropa; til slutt vender vinden brått 180 grader og dett ned på det nye cistersienserklosteret i Munkebygrenda. - Det var ein fin plass, du! tenker snøbyga, og karamba: Bakken vert kvit på ein blunk, verhanen snurrar i full fart, korset skjelv, det kvin og ular. Vårherre seg forbarme!

Godt å våttå om våre spaltister

Innherred har faste bidragsytere som spaltister i lokalavisa hver lørdag. Dette er de faste spaltistene: Idar Kjølsvik, Oddny Gumaer, Ove Taranger Nesbø, Marte Hallem, Espen Leirset, Ingigerd Husbyn, Johan Fredrik Rye, Oddveig Storstad, Eivind Hofstad Evjemo, Andreas Ryen Eidem, Odd Helge Roksvåg og Per Anders Folladal.

En oversikt over deres innlegg finner du her


Franske tidebønner hjelper ikkje i denne stund, for det er ingen spøk å slå seg ned med eit kloster frampå ein kolle i skogen her på Innherred, kor veret skiftar kvart fem minutt. Men Gud ser alltid i nåde til denne vår landsdel, og så snart uvèret er over, er alt glømt.

Det vakre landskapet faldar seg no ut, og brørne kan med sine mikrober og kulturar gå attende til osteavdelinga bak kyrkjerommet. Den feite mjølka frå nabokyrne saman med fransk handlag gjer susen, så sjølv den mest kresne østerdøl gjev seg ende over når han får ein smak av klosterosten.

Tanken på ein snarleg sykkeltur til Munkeby for å kjøpe herleg ost frå den raude bua i vegkanten, melder seg no sterkt. Opne det vesle kjøleskapet, velge ein høveleg bit, legge pengane i boksen. Ferdig!

Om ein vil, - står det på eit oppslag, kan ein vera med på tidebønna, om tidspunktet høver. Protestantar i alle fasonger, også velkomne? Javisst.

Ikkje slik i England på 1500-talet, der skafottet ventar for dei som turte koma over kanalen med kjettarske martinluthertankar frå kontinentet. Og evangelia, no frå latin i løynd omsette til engelsk, slik at vanlege folk og skulle kunne lesa bibelen. Men som vi veit, snakkar ikkje Gud engelsk, berre latin, og latin kunne biskopane og det mektige klostervesenet. Makta.

Å smuglese i bibelske tekstar omsette til det engelske språk, eller å ha desse i løynd, var nok til å bli fråtatt ære, jord, eigedom, bli plassert i Tower of London med uviss framtid i sikte. Dauden på pinebenken, bål og brann. Eller om du var heldig, i beste fall eit raskt øksehogg i nakken! Thomas Cromwell, høgre handa til kongen, trong diverre tre.

I skrivande stund har sola igjen tatt over her eg sit, men berre for ei kort stund; så kjem vårregnet, og etter ei skur ser eg det er berre ein liten grå snøklatt igjen av dronningfiguren Ann Boleyn oppe i eplehagen. Samt det svarte sløret hennar som ho bar dagen på skafottet. Kongen, snømannen Henrik 8. Tudor (du veit han med alle damene) held ut litt til. Kroppen hans er rett nok smelta, men forfengeleg som han var, heng den flotte, digre pufferma hans i bobleplast kjøpt hos grossist Ødegård, enno fast rundt eplegreina.

Greina er ein del av høgre armen hans.

Men den æra skal han ha, kongen, av å ha innført reformasjonen i England (1536).

Ein død i hagen, jammen det må vel og vera vakkert? Sjølv om eplene frå i fjor no ligg blaute og råtne under trea?

Fuglane kjem og et dei.

Våren gjer kort prosess, uansett - når den berre omsider innfinn seg.

Så: «Skål for vår fødsel, vårt liv og vår død»

Ingigerd Husbyn