Spaltisten

Med fare for å bli oppfatta som ein sur gamal hattkall, skriv eg i dag om sykkelreglar 

Denne spalta handlar ikkje om Stortingsvalget, Skarstein eller stae stasjonsvaktarar, men trafikkreglar for syklistar.   Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Spaltister

Det skal ikke handle om Storting, Skarstein eller stasjon, men om regler for sykling.

Med fare for å bli oppfatta som ein sur gamal hattkall, skriv eg i dag om sykkelreglar. Reglar er praktisk og reddar liv. Denne veka møtte eg ein ung syklist i brattbakken eg bur, på venstre side av vegen i 40 km/t, og med hjelmen hengane på styret, sykle rett ut i storvegen utan å sjekke om det kom bilar eller syklande frå høgre. Kvar dag ser eg unge og vaksne som syklar på venstre side, syklar over fotgjengarfelt, syklar på fortau og skiftar frå gangfelt til veg som om det skulle vera filskifte på motorveg. Dette er ikkje ein sur gamalkall, dette er nabokallen som melder frå.

Men først: Innlegget mitt i Spaltisten denne gongen skulle handle om Stortingsvalget. Om at det er vanskeleg å bestemma seg, og at eg etter mange forsøk på minst tre ulike valgomatar måtte innsjå at eg berre er 62-71 % einig med partiet eg no til slutt stemde på. Eg syns 71% er litt knapt, men eg er visst ikkje skapt for partipolitikk.

Ove Taranger Nesbø, logobilde Spaltist i Innherred Lærer, kirkesanger og autodidakt Dylan-tolker  

Les mer: Ove Taranger Nesbø er fast spaltist i Innherred. Her finner du flere av hans innlegg.

Mitt tips for valgresultatet er at vi får ei mindretalsregjering frå AP (28,1%), med ein utvatna blodskogning som statsminister og ein utflytta innherredsbygg som statsråd for idrett- og kultur.

Vidare har eg også kladda ein tekst om dei utrulege idrettsprestasjonane vi opplevd i OL og Paralympics. Eg starta med mi første store sportsoppleving, OL i München 1972 med Knut Knudsen sin gullmedalje som det suverene høgdepunktet. I sommar var det sjølvsagt Warholm, Ingebrigtsen, Blummenfelt og vår eigen Skarstein som imponerte mest. Fire enorme prestasjonar, alle fullt på høgde med Knutsen i 1972. Om ikkje skogningen tek ut Birgitte Skarstein på laget sitt, forstår eg lite. For ei dame!

Elles er det saka om brannstasjon som har frustrert meg. For meg er den beste bota for negative kjensler å skrive ut frustrasjonen minn inn på ei word-fil og lagra den i ei frustrasjonsmappe langt inn i datamaskina mi. Det gjorde eg her ein kveld. Eg vurderte eit augneblink å sende denne som innlegg i Spaltisten, men det var for mykje gruff og sjølvmedisinering mellom linjene. Ein lang telefonprat om saka med ein innbarka verdaling gjorde ikkje saka lettare, då vi rota oss attende i historia til 1990-talet, 1800-talet og heilt til 1030.

Kort oppsummert er mi haldning til brannstasjon-saka slik. Det er 10 kilometer mellom byane Verdal og Levanger, og det må vera mogeleg om å bli einige om ein felles brannstasjon. Vi har ikkje råd til å bruka 100 mill ekstra for å bygge to stasjonar i staden for ein. Desse hundremillionane tek vi frå spesped til barna og omsorg for eldre, og kastar dei på elden. Etter snart 30 år her på Innherred, er den forbaska strie og stae småbystoltheten som irriterer meg mest. Mi klare melding til kommunedirektørane og ordførarane i Verdal og Levanger er å møtast over ein kopp kaffi på Rinnleiret eller Vinne, og bli samde om ein felles brannstasjon der ein stad mellom Vinne og Rinnleiret. Om naudsynt kan de lokalisere brannstasjonen over sjølve Rinnelva. Vi har ikkje råd til slik toskaskap. Sånn, då var det sagt.


Men, denne spalta skal ikkje handle om Stortingsvalget, Skarstein eller stae stasjonsvaktarar, men trafikkreglar for syklistar.

Nesten kvar dag er eg vitne til nestenulukker der syklistar er innblanda. Det vil skje alvorlege ulukker, og eg har lenge tenkt at mange må lesa seg opp på trafikkreglane.

Skriv «trafikkregler for syklister» på google-maskina di, og du kjem fram til Trygg Trafikk: https://www.tryggtrafikk.no/trafikkregler-for-syklister/. Les høgt for alle i huset, særleg dei som syklar eller kjører bil. Her står det blant anna at ein sykkel, el-sykkel og el-sparkesykkel er definert som kjøretøy, og skal derfor i all hovudsak følgje same reglar som andre kjørande.

Vegtrafikklova sin §3 gjeld alle trafikantar, gåande, syklande og kjørande og handlar om at du har eit personleg ansvar for at din åtferd i trafikken ikkje skapar farlege og vanskelege situasjonar for andre trafikantar.

Godt å våttå om våre spaltister

Innherred har faste bidragsytere som spaltister i lokalavisa hver lørdag. Dette er de faste spaltistene: Idar Kjølsvik, Oddny Gumaer, Ove Taranger Nesbø, Marte Hallem, Espen Leirset, Ingigerd Husbyn, Johan Fredrik Rye, Oddveig Storstad, Eivind Hofstad Evjemo, Andreas Ryen Eidem, Odd Helge Roksvåg og Per Anders Folladal.

En oversikt over deres innlegg finner du her


Du kan i utgangspunktet sykle over alt, så lenge du syklar med kjøreretninga og følgjer skiltinga. Når du syklar i blanda trafikk utan eigne sykkelfelt, bør du sykle i kjørebana og då gjeld dei same reglane som for andre kjøretøy. Du må halde deg i høgre kjørefelt.

Gangfelt er primært laga for gåande, men du kan sykle over gangfeltet så lenge du tar hensyn til gåande. Som syklist er du ikkje klassifisert som fotgjengar, med mindre du går av sykkelen og trillar den over gangfeltet. Kjørande har ikkje vikeplikt for deg om du velgjer å sykle over gangfeltet. Kryssar du som syklande vegen frå sykkelveg, gangveg eller fortau, har du som regel vikeplikt for andre kjørande, uavhengig av om det er gangfelt på staden eller ikkje.


Det tillate å sykle på fortau, gangveg og over gangfelt når gangtrafikken er liten, om du ikkje er til fare eller hinder for folk til fots.

Har vi ein avtale om å lese sykkelreglane høgt? Gjer det no.

I beste meining.

Ove Taranger Nesbø

småfrustrert og sportsinteressert nabokall