«Nød lærer naken kvinne å spinne», heter det. Det er omskiftelege tider. Vi opplever krig og pest i vår tid. Trass i det, for dei fleste av oss går livet vidare, nesten som før. Vi høyrer, ser og les, vi fortrengjer, og vi gjer det vi kan best: vi tilpassar oss.

Etter mange tiår med reiser, datainnsamling, undersøkingar og tenking, publiserte Charles Darwin i 1859 sine dokumenterte påstandar om utviklingslæra, i boka «Artane sitt opphav ved naturleg utval, eller bevaring av favoriserte rasar i kampen for livet». Darwin sin påstand var enkelt forklart at det er dei mest tilpassingsdyktige artane som overlever klimaendringane: «the survival of the fittest». Altså, det er ikkje nødvendigvis dei største og sterkaste som overlever, tenk på dinosaurusane, men dei som best tilpassar seg endringane. The survival of the fittest, not the fattest.

Vi lever i omskiftelege tider. Darwin visste det, og viste det til dei andre i samtida. I den gamle, kristne delen av verda, strekte tidslina seg omlag 6000 år, frå skapinga til notida. Alt som levde var skapt slik det skulle vera, trudde dei. Så fann dei fossilar og andre teikn på at jorda og livet hadde vore her lenge. Tidslina vart strekt ut i millionar av år. Det hadde vore liv før vår tid, eit anna liv. Artar som levde før, finns ikkje lenger. Kvifor og korleis? Forklaringa demra: Store endringar i klimaet på kloden, raske og gradvise endringar, hadde øydelagt forutsetningane for det livet som levde. Berre dei artane som kunne tilpasse seg overlevde «kampen for livet».

Vi lever no i ei omskifteleg tid. På få tiår har mykje endra seg: Globalisering, gjort mogeleg ved transportmiddel, kommunikasjonsteknologi, opne grenser, frihandel, velferd og kriser. Urbanisering, ved vår forunderlege trong til å flokke oss saman, gjennom meir eller mindre gjennomtenkte politiske vedtak og ved marknadene sine store krefter. Digitalisering, denne underlege teknologien, som er over alt og alle, og endrar vår måte å leve på.

Så kom pandemien, korona-sjuka. Sjølve krona på endringsverket. Kanskje skapt og gjort mogeleg av globalisering og urbanisering? Kanskje tøyla av styring, kunnskap og digitalisering?

Om koronapandemien hadde fått herje fritt, utan styresmakter, vaksiner og samarbeid, hadde vi dei siste åra gått gjennom ekstreme endringar i livsvilkåra våre. Mange av oss hadde bukka under. Slekter med ugunstige gen hadde vorte utradert, og andre «favoriserte rasar» hadde overlevd «i kampen for livet». I eit reint liberalistisk samfunn, utan reguleringar og økonomisk omfordeling, hadde svært mange bedrifter og privatpersonar opplevd økonomisk konkurs.

Så vart det ubalanse i energimarknadene. Det vil sei at marknadene fungerte etter hensikta, prisane styrte tilbodet til etterspørselen. Marknaden fungerte. Marknaden er darwinistisk, «the survival of the fittest». Når det er låge prisar på elektrisitet og drivstoff, overlever energislukande bygg, bilar og bedrifter. Vi er heilt avhengige av energi, absolutt ingenting kan skje utan bruk av energi. Vert energiprisane er høge over tid, er det berre energieffektive bygg, bilar og bedrifter som overlever.

Om energimarknadene hadde fått herje fritt, utan styresmakter, vaksiner og samarbeid, hadde vi no gjennomgått store endringar i livsvilkåra våre. I eit reint liberalistisk samfunn, utan reguleringar og økonomisk omfordeling, hadde mange bedrifter og privatpersonar vore i eit økonomisk uføre.

Til dagleg underviser eg i faget strategi. Eit litt merkeleg fag, tenkjer du kanskje. Eit litt undervurdert fag, tenkjer eg. «Culture eats strategy for breakfast», tenkjer kollegaer på universitetet. Dei om det.

Den viktigaste delen av strategipensumet er analyser, undersøkingar av eksterne og interne forhold rundt og i verksemda. Eg lærer studentane å bruke analyseverktøyet Pestel, som er eit relativt enkelt spørjeskjema til hjelp for å finne ut kva i den store verda som kan påverke oss og vår organisasjon. Det er ein måte å kartlegge nylege og mogelege endringar som kan knekke oss, eller bli vår måte å overleve på. Eg trur Darwin hadde likt dette verktøyet.

Pestel er eit akronym. P står for Politiske forhold. Vi har fått ny regjering, og ny politikk på mange område. Internasjonal politikk har endra seg i svært stor grad: Biden, globalt samarbeid, Putin, Nato, EU, energipolitikk etc.

E står for Eoconomy, økonomi / samfunnsøkonomi. Her skjer det mykje for tida. Rentenivået er det viktigaste, seier finansministeren, og det trur eg han på. Valutasvingingar og kronekurs. Arbeidsmarknaden og lønsnivået. Energiprisar, materialprisar og matvareprisar.

S står for Sosiokulturelle forhold. Åtferda vår, moter og trendar. Vil vi reise utanlands som før? Vil mange av oss halde fram med heimekontor og digitale møter? Vil vi bu i hus og hage, eller små leilegheiter i byen? Netthandel vs butikkhandel? Vil vi slutte å ete raudt kjøt? Vil vi som kjører firhjuls-diesel bli sosialt stigmatisert?

T står for Teknologi. «Alt som kan digitaliserast vil bli digitalisert», spår framtidsforskaren Kjell A. Nordström. Kva konsekvensar har digitaliseringa av produksjon og kommunikasjon for vår organisasjon, og oss som kundar og privatpersonar? Forsvinn pengane snart? Vil eg bli stelt av ein robot når eg bli gamal? Vil kunstig intelligens ta over det meste? Får Ernst Orvill rett? Vil matproduksjonen bli heilt automatisert, og er det i så fall redninga til den norske bonden og sjølvforsyninga av mat? Vil vi få universitet utan fysiske campusar?

E står for Enviroment: natur-, miljø og klimaforhold. Får vi meir og meir vær? Vil temperaturen og havet stige? Kva konsekvensar får det for oss? Vil vi få klimaflyktningar frå Middelhavslanda? Får vi lengre vekstsesongar, og kan vi dyrke nye vekstar i Norge? Vil det regne meir eller mindre?

L står for Legale, juridiske forhold. Får vi nye lovar og reglar? Vil vi gjere oss fri frå internasjonale avtalar med EU og WTO? Kva med personvernet vårt når Google og Facebook veit alt om oss?

Eg må skunde meg å presisere at strategiske analysar ikkje er nøyaktige, og ikkje laga for oss privatpersonar. Men dei kan vera nyttige likevel?

Tida vi lever i er omskifteleg, det kan vil vel vera einige om. I mi levetid er det vel berre perioden då Sovjetunionen vart oppløyst (og Alex Ferguson overtok Man U), som er i nærleiken av det vi opplever no. Pest og krig i Europa, samt knapp tilgang på energi og matvarer.

Darwin hadde rett i sin påstand om det er dei tilpassingsdyktige artane som overlever. Darwin hadde titusenårs-perspektiv og tenkte på artar, ikkje tiårs-perspektiv, samfunn, organisasjonar og enkeltmenneske. Eg gjer meg nok skuld av lett misbruk av darwinsitisk tenking og teori.

Likevel hevdar eg at vi som nasjon, folk, lokalsamfunn, bedrifter og privatpersonar må tilpasse oss endringane som skjer og kan skje. Vi må ha overblikk, gjere gode analyser og vurderingar, og tilpasse oss det som hender og førebu oss på det som kan hende. Det er fullt mogeleg at vi må lære oss å leve meg høge prisar på energi, matvarer, byggevarer og transport.

Darwin sin påstand var «the survival of the fittest», ikkje «......the fattest» eller «....the biggest». Måtte vi som storsamfunn og lokalsamfunn klare denne store tilpassinga vi står midt opp i.