Som du kanskje har oppdaga, var det mykje nytt med siste nettleige-fakturaen du fekk frå Tensio. Om ikkje du har lest fakturagrunnlaget nøye, så skal du finna fram fakturaen no etter du har lese dette. For dei fleste av oss er dette godt nytt, vi vil spare på nyordninga. Men det kan bli dyrt for deg som varmar opp store bygningar, driv med heimelading eller heimebrenning.

Det bur folk sør for Sognefjorden også, og for tida dei klagar over høge ekstremt høge strømprisar. Det har dei god grunn til, sjølv om Vedum og Støre tek størstedelen av rekningane til folk flest. Vinteren 2010 var det omvendt. Då var strømprisen i Midt-Norge i korte periodar over 11 kr/kWh, men det har dei fleste gløymd.

Stort hus med lite folk. I juli månad viste målaren at vi i huset vårt brukte 1199 kilowatt-timar strøm, rett nok fordelt på ein stor og ein liten leilegheit. Juli-fakturaen frå kraftseljaren Tibber var på 41 kroner, tilsvarande knappe 4 øre/kWh. Rekninga frå netteigaren Tensio TN var på 800 kroner, altså 67 øre/kWh. Samla vart strømprisen ca 70 øre pr kWh. Det er altfor billeg, spør du meg. Enøk-tiltak er i alle fall dårleg investering. I sommar kjøpte vi likevel vår andre varmepumpe, trass i at det truleg vert eit tapsprosjekt.

Vi har eit svært godt og stabilt kraftnett, der kraftleidningane i bustadområda stort sett er grav ned i bakken, skriver Ove T. Nesbø. Foto: Marius Helge Larsen / NTB

Ny nettleigemodell. Sjølv om det er strømpris-krise i resten av Europa, er strømmen hos oss for tida rimeleg og kan vi for ei tid konsentrere oss om den nye nettleige-modellen.

Frå og med 1. juli 2022 vert nettleiga berekna etter ein ny formel, den nye nettleigemodellen. Dette har bransjen og styresmaktene jobba med i over 20 år, og no altså endeleg vedteken og sett i verk. Målet for endringa er å legge til rette for best mogeleg utnytting av overføringsnettet og ein meir rettferdig fordeling av kostnadene mellom kundane. «Effektbasert nettleige vil gje insentiv til effektiv nettutnytting, noko som over tid vil gje lågare nettkostnader for strømkundane, mindre naturinngrep og færre konfliktar knytt til nettutbygging,» seier olje- og energiminister Terje Aasland i følgje tensio.no.

Kraftnett og bilveg. Kraftnettet liknar vegnettet, med motorvegar, fylkesvegar, lokalvegar og grendevegar. Ei høgspenningsline kan transportere meir strøm enn ei lågspenningsline. Det er dyrt å bygge motorveg over alt. Det finns flaskehalsar, som strekninga Mule-Verdal. Strømbruken vår varierer sterkt over døgnet. I deler av døgnet er det rushtrafikk, om natta er det lite trafikk på kablane. Døgnvarierande kraftprisar og nettleige vil framover styre oss til å unngå rush-trafikk. Ingen er tent med å bygge nye og dyre kraftkablar som berre er i bruk eit par timar i døgeret. Nettleige er tilnærma sjølvkost, og det er difor vi som brukar dette transportsystemet som har mest å spare på at vi spreier trafikken over døgnet og veka.

Nett som i gamle dagar. Dei eldste av avisa Innherred sine lesarar huskar strøm-vippa. Alle strøm-abonnentane hadde ei strøm-vippe. Om forbruket nærma seg den effekten ein hadde bestilt, starta eit relé å «vippe» og lyset blinka ei kort stund. Då hadde ein nokre minuttar på seg til å skru av ei lyspære eller ei kokeplate, om ikkje slo hovud-reléet ut og strømmen gjekk.

Fleire av oss huskar hus-wattmeteret, som gjerne sto over komfyren. Den hadde nesten same funksjon som vippa, men kutta ikkje strømmen. Wattmeteret viste kor mykje effekt som sto på akkurat då, og viste effekten i kilowatt. Ei typisk grense var 4 kilowatt, markert med ei stor raud pil. Kom du over den pila, brukte husstanden meir strøm enn avtalt med kraftlaget. Registrert forbruk over grensa var «overforbruk», og kosta mange gonger så mykje som normalforbruket.

I mange år har vi ikkje hatt effekt-prising for bustader og hytter, berre for yrkesbygg og industriverksemder. No er det på han igjen.

Døgnmaks og månadsmaks. Døgnmaks, månadsmaks og kapasitetstrinn er nyord du må lære deg. Netteigaren, hos oss på Innherred er det Tensio TN, måler mengda strøm du brukar kvar time i døgeret alle dagar i månaden. Timen med høgast forbruk kvart døgn blir din døgnmaks. Månedsmaks er gjennomsnittet av dine 3 høgaste døgnmaksar i den aktuelle månaden. (tensio.no)

Kapasitet. Den nye reknemåten (nett-tariffen) som gjeld no har to ledd: Energileddet er betaling for den totale mengda strøm du har fått frakta inn til hustanden, og kapasitets-leddet er ei avgift for dei høgaste forbruks-toppane sist månad. Pluss statlege avgifter, sjølvsagt.

Kapasitet er i denne samanhengen synonym for effekt (kilowatt). Kapasitetsleddet i tariffen er delt opp i trinn med høgare pris for kvart trinn husstanden hamnar på, og månadsmaksen avgjer kva trinn i kapasitetstrappa ein hamnar i. Dett er ei «rushtidsavgift», der ein blir premiert om ein kan fordele forbruket nokolunde jamt over døgnet.

Den nye tariffen. Nettleiga i Nord-Trøndelag blir no i følgje tensio.no rekna slik: Avgift for månadsmaks + forbruk nattetid (kl 22-06) på 10,90 øre/kWh og strømforbruk dagtid (Kl 06-22) på 21,75 øre/kWh + 20,51 øre/kWh i avgifter til staten + meirverdiavgift på alt.

Eit eksempel. Eksempelet er ein rimeleg stor einebustad i ei sørhelling på Levangernesset, med diesel-Subaru og då utan lading av bil heime. I bustaden er det to varme-pumper, huset er gjennomsnittleg godt isolert og med noko smart styringsteknologi. For vår del nådde vi i juli akkurat over 5 kW-grensa, og det kosta oss 146 kroner ekstra (325-180). Til vinteren vil nok vi nærme oss neste kapasitetstrinn på 10 kW, og vi bør difor innrette oss slik at vi ikkje får effekttoppar over 10 kW. Dessutan er energileddet i nettleiga over 10 øre/kWh rimelegare om natta enn om dagen, og strømmen er nesten gratis om natta.

Om vi skal følgje staten sine prissignal og tenkje økonomisk, bør vi kjøre varmepumpene og andre varmekjelder på fullt frå kl 04 til 06, for så å la dei gå på lågkapasitet utover dagen. Om vi hadde hatt el-bil, burde eg lada el-bilen mellom kl 22 til 06.

Det kan vera lurt å bli kjent med grunnlaget for nettleige-fakturaen, og bruksmønsteret i bustaden. Logg deg gjerne inn på «min side» på Tensio.no, der finn du mykje informasjon om strømbruken din.

Bli kjent med huset ditt. Vi som bur på Innherred sit midt i grautfatet. Strømprisen er stort sett svært låg. Vi har eit svært godt og stabilt kraftnett, der kraftleidningane i bustadområda stort sett er grav ned i bakken. For denne transport-tenesta betalar vi ca 30-35 øre/kWh til netteigaren, resten tek staten.

Sjølv om enøk kanskje ikkje er lønsamt i dag, kan det vera lurt å setje i gang likevel. Vi vil også på sikt få høgare strømprisar.

Ove Taranger Nesbø, sivilingeniør og ex-enøk-misjonær