Mor mi reiv seg laus frå vevstolen, treiv gabardinkåpa og ropte: «Eg fer på kino». Og borte var ho.

No endeleg to timar heime åleine, og spisskammersdøra ikkje låst!

Vi sa spiss-kammers heime,med kort vokal og ikkje med lang som i sp- i- s. Ikkje rart, for spiskammeret vårt var eit lite tilbygg med spisst skråtak. I alle fall tenkte eg det var slik. Vindauge mot nord: kjøleg og flugefritt sommars tid, frostfritt vinters. Kjølerom etter naturmetoden, om du vil. Eit eldorado for små slikkmunnar - om det høvde seg slik.

Ingigerd Husbyn er kunstner, bosatt i Levanger. Hun er fast spaltist i Innherred.

Mor mi regjerte der inne med baking og safting samt andre mystiske gjeremål; der var hyller i tre etasjar samt eit avlukke utstyrt med lås som var vrient for småfingrar å opne. Digre kjørel med mystisk innhald stod på golvet. Ein trestamp med nedsalta fleskesider stod alltid der, og gud betre, før jul stakk det også opp eit grinande grisehovud med full tanngard. Bøtter med blodvatn, mugger med blod.

Griselabbane var meir akseptable å sjå til: drivande kvite etter koking og deretter nedlagde i saltlake i brunt leirfat. Det fekk stå i fred på mine hemmelege ekspedisjonar. Det var helst far min som gnagde på denne delikatessa på kveldstid, medan mor mi demonstrativt snudde ryggen til.

Grisetrynet derimot konverterte på uforklarleg vis til herleg persesylte på julaftans morgon. Nok om vår venn, svinet!

Veggar og tak i spiskammeret var måla lys blå; det på grunn av flugene som ikkje skulle like denne fargen, vart det sagt. Berre prøv å henge ut eit kvitt plagg ein sommardag!

Alle hyllene var kledde med ruta vokspapir. På den øvste stod flasker med tørka blåbær, håplaust harde, seige og utan smak, så dei rørte eg ikkje. I ei stor krukke flaut gulbleike egg i ei ekkel, grå veske som heitte vannglass, fysj! - Men sirup-pappbegeret på 1 liter var smaskens og lett å stikke fingeren i. Berre lirke av lokket forsiktig, og etterpå få det fint på plass, helst ikkje ramle ned av krakken heller, under denne vågale Operasjon På Tå Hev. Så kunne ein etterpå suge lenge på peikefingeren.

På hylla i midten stod brukte hermetikkboksar til oppbevaring av diverse godsaker som tørka bær og frukt. Desse boksane var måla med raud blymønje(giftige saker som ein elles brukte til golvmåling kvar haust), deretter dekorert med svarte tegn, inspirert av norsk vikingskurd og Gerhard Munthe.

Her gjeld det og fara fint fram, berre ta litt, rasjonering som det var etter krigen. Mor mi heldt vareoppteljing kvar dag: 5 svisker og 10 rosiner til favorittretten trondheimsuppe. Så og så mange skulle då vera att i boksane, basta!

Tyttebærkrukka derimot var enkelt å smake av, den vart dessutan aldri tom for oss som bokstaveleg budde midt i skogen. Bær yngla i skog og mark, og nesten inn i ytre gangen mot aust, for naturen sommars tid insisterte faktisk på å overta både hus og heim! Potet og gulrot overvintra i jordkjellaren under uthuset, tyttebær og molt stod på bordet, kva trengte ein vel meir i denne verden? På rasjoneringskort kunne vi få kjøpt både sukker, mjøl og kaffe, og den gode naboen hadde både høner og to mjølkekyr!

På skulen lærte vi at i Noreg var det velstand. Det var eit godt land å bu i, fattigdom fanst (nesten) ikkje, og dei grøne militærbilane som køyrde forbi med soldatar på lasteplanet vinka til oss barn og vi tilbake, fordi dei passa jo på oss. Fly flerra himmelen, braut lydmuren og alle var glade, for dette var NATO. Men kommunistane låg i dekning med hagla og laga lister over folk som skulle takast etterpå, t.d. læraren og stasjonsmeisteren, når revolusjonen kom. Sa folk.

Nede på golvet i spiskammeret i austre hjørnet, regjerte som regel Fru Musefelle i stram positur. Brødbommen spreidde god lukt til dei små musesnutane, pluss aroma frå den lekre fleskesvoren. Schmakk! glefste fella, den tok alltid siste stikk.

Å bera ut muselika var i midlertid alltid ein jobb for far!

Så ei stor flaske! Fremst på hylla, grøn med gul etikett: garantisten for eit helsesamt liv! Den var så absolutt uinteressant. Berre eit nødvendig onde kvar kveld, med påhalden skei og samanknipne augo.

Verst var det no under krigen, fortalte mor mi, da korkje smør eller margarin var å få tak i; ein måtte steike maten i tran; eimen av harsk og svidd fiskeolje låg over alt.

Etter eit dykk i kakeboksen, er det no tilrådeleg raskt å avslutte ekspedisjonen – med munnen full! Det knirkar nemleg i døra, og kino-og teaterfriken mor mi seglar inn. Eg nyttar høvet og stiller opp ei uskyldig mine: Var filmen bra?

Storveges! - Vil du ha ein sjokoladebit, kanskje?

Ingigerd Husbyn

Kunstner