«Her skal det betterdø ligge eit nytt oljefelt!», seier dei.

Dette er den bitre sanninga som stig opp over heim og horisont.

Ingigerd Husbyn

 Bønder og arbeidarar går no saman om å planlegge framtida. Vi andre legg oss ende ned og slår knyttneven i golvet!

  Lysande framtid, i dobbel forstand, blir det sagt, utmeisla under mørke grantre søraust i landet; såleis langt unna der den nordnorske skreien og dei andre haveksistensane, på lånt tid, lever og formerar seg. BorteMo har lagt sitt skeive smil i lomma og gliser frå øre til øre no. StørePus nikkar og smiler til alle kantar, seier at det heile nok skal gå så bra, så.

Dei umælande kreatura under havoverflata har altså ikkje røysterett i denne saka som også gjeld dei, så livet går framleis sin skeive gang oppe ved sekstisjuande breiddegraden. Enn så lenge.

Grandtante derimot er nøgd med stortingsvalet og alliansen mellom dei to partia. Ho har lenge bekymra seg over bensintilførsla, og tom tank på sin gamle moped. Rettnok står Tempoen for det meste i vedbua no, delvis på grunn av lårbeinsbrotet ho drog på seg i vår. Ivrig fjernsynssjåar som ho er, blir ho dagleg bekymra over den prekære situasjonen i England med kilometerlange bilkøar fram mot tomme bensinstasjonar. At det er mangel på utanlandske sjåførar til dei engelske tankbilane, som er årsaka, tek ho ikkje så nøye. Brexit eller ikkje.

«Bensin vi ha for å kome oss fram på folkevis», slår ho fast. Ho hugsar det sure livet frå mellomkrigstida, der ho m.a. måtte gå på sine bein frå Skjelstadmarka til Færbygda (skrive Forradal) for å sjå om slekta.

Å ja, så sant!

Det er superviktig for gamle menneskje å koma seg på folkevis(!) ut og fram i verda, i det minste i heimbygda. Myten om bestemødre og grandtanter som trufaste pannekakesteikande, evigvandrande mellom omnen og kjøkkenbordet - den myten er passè for lengst.

 På Busenteret sit no, etter fjerning av koronatiltaka den siste tida, fullt opp av gamle folk som lengtar etter eit besøk av Grandtante: kjenningar som sårt saknar dei gode historiane hennar frå gamle dagar, krydra med ikkje heilt sannferdige anekdotar om folk i grenda der dei vaks opp saman.

Ho-ho!

Men så var det denne hofta da som gror så uendeleg sakte, - og mopeden hennar som er tom for bensin!

Grandtante trur forresten at SlagsvoldFårdetsomhanvilVedum - på sikt, nok vil sparke StørePus ut av reiret, slik han nettopp gjorde med den godtruande konkurrenten frå Bergen.

 Nett slik det sengeliggande vaksne «barnet» i filmen EGGS gjorde. Akkurat det som «barnet» klarte med den eine av dei to mennene i storyen. (Bent Hamer, dramakomedie frå 1995).

«Dei er så like å sjå til, politikaren og «barnet», påstår Grandtante og siktar sjølvsagt til hårfrisyrane- eller mangel på slike.

«No må du teie!», seier eg strengt.

(For deg som ikkje har sett filmen, er det skumle «barnet» i senga like glatt som dei fugle-egga filmen handlar om.)

Endetider er det likevel ikkje enno!

For inst inne veit vi jo at det er dei sleipe brunsneglane som skal arve jorda; uansett om Otto Nilsen syng (visesmed frå Trondheim,1912-1990): «De e bilistan som ska arve jorda!»

Når alle artar i fjell og dalar er forsvunne, når brunsvidde åkrar langsamt tørkar til opne sprekkar bortetter reinane, når alle oljeinnstallasjonar ligg i røys mellom illeluktande, nedsarva fiskemottak i Lofoten og Vesterålen, og vi sjølve sit ved kjøkkenglasa med våre sprukne kaffekoppar og drikk tynt oppsop frå tomme kaffeboksar, ja, da er det vi ser dei: Innvaderande, glinsande hordar! Dei glir inn frå nord og frå sør, frå overfylte avfallshaugar, overtar eigedommane våre roleg, men målbevisste, entrar uendeleg sakte verandaen i andre etasje og ...

«No må du gi deg!» kvesser Grandtante i. «Domedagsprofetiar på grunn av ei regjering som enno ikkje er komen skikkeleg i gang. Hysj no med dette!»

Jada.

Eg køyrer idag dotter mi til Dansefestival Kortreist og ser henne vel innkvartert i ei trønderlån, høgt, med utsyn over Trondheimsfjorden. Jonetta budde her ein gong, seier dørskiltet. Brått hugsar eg ei stødig dame frå min barndom: mørke krøllar, høg barm, papirpose full av raude, søte gelètoppar; ho står i eit rosa skin, Jonetta.

Lykkeleg over det gode minnet, svingar eg meg kjekt ned alle bakkane med min bensindrivne volvo, og himmelen og fjorden framom går i eitt: som i GIMLE.

 No ikkje tenkje meir på klima og oljeboring på ei stund.

*

Post scriptum okt.16. 2024.

 Vi les i INNHERRED: Lovande funn av olje i Trondheimsfjorden ved Innherred. Rørledning til England via Borgenfjord/Malm?