No er dags for sjøl å bestemme tida! tenkte eg då eg gjekk ut døra som pensjonist.

Aldri meir springe etter bussen eller med dårleg tid halse oppover trappene til fjerde etasje der damene, elevane mine, på avdeling for norskkurs for framandspråklege sit og ventar med nyspissa blyantar. Ingen fleire ettermiddagsmøte med lange saklister! Ingen fleire samlingar med heile osloregionens vaksenopplæring tromma saman til foredrag, der vi berre sat og venta på den gode lunsjen som kommunen spanderte. (Petter Normann Waage var unntaket, han kunne ha snakka i dagevis, for vår del)

Som pensjonist vart armbandsuret vennleg, men bestemt, lagt ein stad der det blei vanskeleg å sjå det. No skulle eg, fri som fuglen, berre organisere eigen kvardag etter sola! Vurderte ei stund å flytte til Trondheim fordi sol-uret på Torget under der du veit, Wilhelm Rasmussen sin brynjekledde Olav Tryggvason viser tida sånn nokonlunde rett om ein nyslått pensjonist treng å vite kva tid på dagen det er.

Hill deg, Noregs konge! seier eg, før eg legg i veg for å ta ein øl på Trubadur no når sola viser seg på det høgste eller stikke ned til gamle Trokadero i Innherredsvegen og prate skit med gamle EEC-motstandarar. Nei huff da!! - Men dei var jo der for berre litt sidan... ikkje sant?

I staden kom eg tilbake til Levang’. I dag med universitet og campus. I mi tid lærarskole. Vi er på kæmpus, seier folk no og pussar diskret sine akademiske titlar.

Handelsstanden, den før så stolte, går med knekt rygg og skal ligga på sotteseng innom kort. Og som det er sagt: «Å kommå te Levang’ e som å kommå inn på eit gårdstun i Meddagskvila ein varm søndag ettermiddag»

Her kan pensjonisten verkeleg slappe av! Vakker by og slett ikkje ille klima; ein kan gjere fine spaserturar over Gjeite og kikke på gravhaugane, få eit glimt av haustmånen som heng i trea der bak; og var det ikkje ein skugge som rørte på seg i høgre synsfeltet vårt? Berre ein elg, heldigvis! Sykle ein tur over den ikkje-imaginære sjetéen og la seg svimre av straumen? Gå ein runde i Staupshaugen og høyre svarttrosten, slikke iskrem på ein benk i parken. Finne hemmelege og spektakulære badeplassar i gamle Frol kommune og finsmake på franske ostar under open himmel. Gå til Laudes og Vesper (tidebøner) i klosteret eller samtale med dei av munkane som snakkar norsk.

Vi, høflege: Kanskje Brødrene av og til tar ein tur tilbake i Frankrike og ser om slekta? Brødrene: Nei nei, aldri! Her bur vi, og her skal vi alltid bu!Når derimot vindane bles horisontalt frå alle himmelretningar pluss ein til, kan pensjonisten heldigvis ty til televisjonen.

Men etter kvart kan også vi bli leie av NRK, samt enda meire lei av det evige gnålet frå svensk SVT på norske kanalar: Hagehyggar. Eller Auktionar. «Snälla ni, vilken underbar husdröm ni her har! Och hur går det egentligen med budjet?»

Ja, så lei blir eg at eg etter ei tid vurderer å oppta faste rutinar igjen. Ha noko med faste klokkeslett og påmelding der ein må møte opp i rett tid, presis, korrekt kledd, med app, avtalegiro i nettbank, dessutan straffebøter om ein ikkje dukkar opp på gruppetimen ein er påmeldt. -Karamba, akkurat det eg trong: Eit treningsstudio med avtaletimar. (Og eg som aldri meir skulle la meg styre av den hersens klokka) Det går godt.

Kinoen i Levanger derimot, har ikkje faste klokkeslett. Kinomaskinist, kontrollør og kioskdama forsvann ut i svarte natta, det svindyre nye filmlerretet pakka saman for godt, så CINEMA PARADISO KAN NO BERRE STREAMAST, også på mobilen!

Cinematografen vår vart skammeleg lagt ned av politikarane og kallar seg i staden kul-tur-hus! Huset er for lite og unnselig, og sjølv om det er eit vakkert bygg frå tidleg 1900, reiser Riksteateret rett forbi. Forresten, burde ikkje eit kulturhus ha så pass som ein filmframvisar kanskje? «Film skal sjåast på kino»- ikkje meir å seia om den saka. Fellesskapet i kinomørkret kan ikkje gjenskapast frå ein sofakrok når bålferda til den døde Mahatma blir gjenskapt i storfilmen Gandhi frå 1982.

Vi ser og vi hører brølet frå folkehopen som følger prosesjonen, blanda med heftige indiske raga-rytmar på sitar og trommer. Som kinopublikum er vi der vi og, midt i heten og kaoset. Skal folk i byen vår aldri få oppleva noko slikt som dette? Filmklubben i Levanger eksisterte berre ein kort periode. Men Stadion vert større og flottare år for år.

Femtenåringane våre må i dag sitte heime ved flatskjermen for å sjå gode kysse- og sex-scener med mormor plassert på sidelinja!Slik vil vi vel ikkje ha det?

Ingigerd Husbyn