I juli 2018 fekk Kåre Ingebrigtsen sparken som trenar i Rosenborg. «Vi vil løfte Rosenborg til neste trinn, og da havnet vi på at Kåre måtte gå», argumenterte styreleiar Ivar Koteng den gongen i følgje dagsavisen.no. Etter den tid har eg rett som det er spurt meg sjølv om kva Koteng, Bratseth & co tenkte på. Sidan den tid har kjenslene for mitt kjære fotballag endra seg. Først vart eg forvirra, seinare meir og meir fortvila. Eg tenkjer at den vakre klubben vår vart herja og herpa av dårleg leiarskap.

Ove Taranger Nesbø har vært fast spaltist i Innherred de siste årene. Han takker for seg med dette innlegget om fotball.

I 2014 starta arbeidet med innarbeidinga av Gul(l)-standarden i Bodø-Glimt. Denne tenkjemåten og dette handlingsmønsteret har gjennomsyra klubben sidan den tid, gjennom nedrykk, opprykk og etter kvart suksess.

Gul(l)-standard handlar ikkje om struktur, sjølv om handlingsmønsteret skildrar ein steg-for-steg utviklingsprosess. Gul(l)-standard er eit verkemiddel for å skape gode prosessar i den enkelte sin arbeidskvardag, i garderoben, på treningsbana, i kontora og korridorane. Poenget er å få kvalitet inn i kvar enkelt oppgåve. Slik kvalitet vert skapt gjennom refleksjon og dialog, og tydeleg felles forståing og samhandling. Vi snakkar ikkje om struktur, men kultur som er synleg gjennom konkret og observerbar atferd. Kva er organisasjonskultur? Jau, kultur er slik dei gjer det der på huset.

Det er få saker som får meg så fortvila som når Rosenborg rotar og surrar. Som du forstår har eg hatt mine dosar med irritasjon dei siste åra.

Kvar kom Gul(l)-standarden frå? Øyvind Iversen og resten av gjengen i Glimt var på leit etter ein realistisk veg for klubben, som til då var meir kjend for talenta, potensialet, stjernespelarane og mindre kjend for topp-plasseringar i elitedivisjonen. Dei var på gullgraving, og leita på kjende plassar. Dei gjorde lovande  funn i Olympiatoppen og Statoil.

Børge Stensbøl & co i Olympiatoppen hadde sidan tidleg på 90-talet jobba med å utvikling av prestasjonskultur. Yngve Tvedt & co i Statoil hadde jobba mykje med leiarutvikling og prestasjonskultur, særleg knytt til HMS og risiko-operasjonar. Handlingsmønsteret A-standard vart skildra, etter å ha spurd hundrevis av Statoil-folk om korleis dei handlar når dei er på sitt beste - og leverer til karakteren A. Stensbøl og Tvedt fann kvarandre, og sydde saman tankane og metodane frå Olympiatoppen og Statoil. Om du er interessert, kan du lese meir om dette i boka deira Nasjonal prestasjonskultur frå 2018.

Gullgravarane frå Glimt fann gull, og dei foredla dette til Gul(l)-standarden ved at dei gjorde det til sitt. Dei lånte og stal frå Stensbøl og Statoil, og dei smidde det til ved å bruke lokale ord og døme. Dei omsette organisasjonsorda til fotball-vokabular, dei raffinerte råoljespråket til Bodø-bensin.

Glimt fann ein måte å foredle råe ressursar til reine resultat, gjennom trufast utvikling av kvardagsatferd og klubb-kultur. I motgang og medgang. Uansett.

I gul(l)-standarden er spelestilen skildra, den som skal sikre god samhandling i alle lagdelar (i alle klubblaga) og mellom lagdelane. Uansett kven som spelar og kven som er trenar.

Gul(l)-standard handlar ikkje om å ta i frå fagpersonane sine eigne vurderingar og løysingsforslag, men heller dyrke erfaringa, kunnskapen og vurderingane til fagpersonane i samhandling med andre fagfolk. Sjølve handlingsmønsteret, prosessen for korleis ein skal jobbe, er difor avgjerande.

I Glimt jobbar dei etter Gul(l)-standarden i HEILE organisasjonen. Dei jobbar saman, dei løfter saman og dei føl same handlingsmønster. Uansett.

I 2018 vart Ketil Knutsen tilsett som hovudtrenar i Bodø/Glimt. Endeleg fann han ein klubb med god leiing, etter at han gong på gong vart jaga på dør av arrogante, uvitande og utolmodige fotball-leiarar i Bergen. I Bodø fann dei formelen for å temje Saltstraumen til rein fotballenergi.

Er det berre flaks og fotballmagi vi er vitne til i Glimt? Nei, eg trur vi ser resultata av god leiing over tid. Fotballklubbar som skiftar trenar og spelestil annakvart år har ikkje sjans. Fotball er ikkje eit enkelt spel, med 22 spelarar og ein ball. Og Tyskland vinn sjeldan til slutt.

Om du ikkje visste det før no: Per Mathias Høgmo jobbar på same vis i Häcken, og dei har gjort Häcken til ein toppklubb på kort tid. Dessutan vart halvstrilen Even Hovland (Häcken) kåra til den beste forsvarsspelaren i Allsvenskan, etter at RBK ikkje ville forlenge kontrakten hans. Det siste gjer meg både glad og fortvila.

Som de veit, er det ikkje sosialt akseptert å skifte favoritt-klubb. Eg skifta frå Brann til Rosenborg i oktober 1985, og kan av den grunn aldri flytta heim att. Så eg held meg til RBK, og det er ikkje vanskeleg. Men eg legg ikkje skjul på at eg heiar på Glimt i alle kampar utanom kampane mot RBK. Og eg heiar vilt og uhemma på Häcken.

Eg har tru på godt leiarskap, og eit gjennomtenkt handlingsmønster. Etter det eg kan forstå har Rosenborg endeleg fått ein god styreleiar, og det kan gje håp for framtida. Når det gjeld hovudtrenar Rekdal, skal eg vera tolmodig, men eg likar dårleg at han gjerne skiftar spelemønster frå kamp til kamp. Om Rekdal lukkast i RBK, vert eg litt overraska og veldig glad.

No er eg berre på nikk med LFK-trenar Per Verner Rønning, men neste gong eg treff han på butikken skal eg jammen be han ta med seg leiinga i LFK på studietur til sin gamle arbeidsgjevar i Bodø. Dei veit korleis ein kan gjere gull av gråstein.

No er fotballsesongen over for meg, midt i november. Fotball-VM orkar eg ikkje å sjå på, og Premier League tek eg meg ikkje råd til. Men eg er klar når CL og eliteserien startar til våren.

Heia RBK, LFK, Glimt og Häcken.

Ove Taranger Nesbø,

litt i overkant interessert i fotball og leiing