– Jeg vil takke Alf Stiklestad for den innsatsen han la ned

Oddvor Haugan forteller minner fra eldres dag.
Nyheter

Første gong det vart holdt dag for eldre, var i året 1982. Då vart dagen kalla Eldres Kyrkjedag og det var soknerådet som tor seg av arrangementet.

I 1986 var det gudsteneste på Verdalsøra kapell med prost Romsøy. Der serverte vi rømmegraut og så var det blomsterutdeling til eldre og sjuke i soknet. Seinare oppretta FN den Internasjonale eldredagen som vi no kjenner som Eldres dag her på Verdal og andre stader. Etter dette vart feiringa flytta til Stiklestad skole og styret i pensjonistlaget tok etter kvart over ansvaret for feiringa som så vart flytta til Stiklestad Nasjonale Kultursenter.

I 2004 vart Alf Stiklestad leiar for pensjonistlaget, og Eldres dag vart då markert med gudsteneste i Stiklestad kyrkje med påfølgande matservering på SNK. Vi samla oss atter ein gong til rømmegraut, spekemat, kaffe og lefser samt fin underhaldning. Underhaldninga var både i form av ord for dagen, musikk, foredrag og song.

Alt dette tok Alf seg av, han bestilte underhaldning, foredragsholdar og servering og det var fullt hus både i kyrkja og på SNK. Dei som ikkje hadde eige skyss, vart gjerne henta av frivillige, og alle syntes det var ein fin måte å vere saman på.

Etter det eg kan hugse, hadde Alf Stiklestad ansvaret for dette arrangementet frå 2004 til og med 2015. Eg vil takke Alf for den innsatsen han la ned, alle som hjalp til undervegs og ønske lykke til til dei som no har overtatt stafettpinnen. Eg håper denne tradisjonen held fram i åra som kjem.