Det skal bli godt å koma på hytta for å slappe av
frå kjas og mas og livets mange krav
men vegen er dårleg som vegar vanlegvis er
og farta ligg berre på 60 det er
ikkje rart at ein blir både tverr og sær
Det regner og det meste er grått og vått,
det går det så kleint og smått.
BMW-en blir no litt lett og spak
med ein snøscooter og ATV på henger bak!
Neste gong leiger eg helikopter hit
som løfter meg like dit
kor den fine hytta mi står
dette har eg tenkt på år etter år
men som ein naturelskar eg er
og så blir det folkesnakk, best å la vær!
Ein må vel gjera noko for vår vakre natur
Om så ein skulle bli litt lei og sur.
Men hadde berre ”Mesta” gjort jobben sin
skulle eg og ha gjort mitt
Men der har dei vel alt fokuset på profitt!
Som regel er det noko som butte i mot.
No er det komi bjønn oppmed hytta,
den kan nok ligg å lure bak fururot.
det er sanneleg ikkje triveleg
med eit slikt dyr luskanne
rundt hytta, skult i kratt og buskane.
Huff – og huff , gru og gruff
Eg kjenn nesten teften av den
glupske rovdyr kjeften.
Den karen har ingen respekt for
skapningens herre, diverre!
Endeleg kjem vi fram til hytta, og i dens
foaje, ordnar kona ein konjakk og så
meskar vi oss med den beste kanape.
Men så må eg ut å bles av belgen
men føler meg ikkje trygg for verken
bjønn eller elgen!
Eg er verkeleg tilfreds med hytta mi
Samanliktna med naboen si
er den sanneleg eit palass,
men diverre har eg berre utedass.
Bak hytta står furuer trolsk og mørk,
ser gjerne at eg slepp å gå ut,
her må ein huske å ta med tørk!
Har med bøssa mi, det beste eg har
Eg sitt på dassbenken og har den klar
Her gjeld det å væra snar!
Vist berre dette ville gå bra,
like til sydlege trakter vil eg dra
Ja, heil ned til Tenerife,
Der ville eg kose meg med vin, sol
Scenaria og riktig saftig biff.
Men diverre høv det seg slik
at verda er no som før seg sjølv lik
den er full av terrorister, vald og svik!
Trass dette må bøssa stå i sitt stativ,
om så det gjelder mitt bare liv.
Ein kan aldri vite kanskje ligg der ein
terrorist og lurer bak skrammel og skrot.
Det ville nok være verre en om ein bjønn
skulle lure bak fururot.
På flyplassen blir ein vrengt både ut og inn,
Ja, heilt innafor mitt bare skinn!
Det er vel best å heime bli,
og strev med køyringa opptil hytta mi
om så motet mitt det skrantar,
og det bles nordavind frå alle kantar!
Her sitt eg med bøssa i spenn,
går tankane om og om igjen.
Anspent lyer eg etter bjønne tråkk
Men så plutseleg flyg det opp
ein rypeflokk,
og eg hel då nesten på å gå i sjokk!
no er eg skjelven, bleik og nesten stum
og i farta gløymte eg og tørke mitt rektum!
No må eg snarast rå koma meg i hus
og roe meg ned, med eit stort glas fylt til randa av
heimebrent i brus!
Håkon Nydal