Før i tida var før. Før i tida var før alt endra seg. Menn var menn og kvinner var damer eller kjerringer. Snart tre generasjonar er gått sidan den tid då menn fekk ta utdanning, og damer gjekk husmorskole. Denne siste varte som regel berre 6 månader.  Opptakskrava var at den aktuelle søkarinna måtte vera ringforlova og eller skulle giftast innan kort. (Heldigvis kunne ein no velgja ektemann og forsørgjar sjøl!)

I grunnskolen lærte jentene å strikke vottar, sokkar og å sy kvite «søsterforkle» i eit supersolid stoff kalla  lerretstaut, medan gutane hadde tresløyd og fekk lære å snekra bokhyller.

Ettersom underteikna måtte gå eit år ekstra i sjuande klasse, hadde ho difor sauma to søsterforkle! Så ho var  dugeleg budd på framtida ved kjøkenbenken slik sett. Søsterforkleet hadde stramme og breie seler i kors bak ryggen, firkanta forstykke, påsydde lommer, linning, tusen knapphol og lerretknappar; alt sauma på Singer symaskin med sveiv, og - med minste stinglengde! Slikt eit plagg kunne overleva i generasjonar, om ein da ikkje sleit dei ut i særs strevsame husmorliv.

 Faktisk kunne den som hadde to søsterforkle, verta umåteleg populær på herrefronten! Fort få ring på fingeren og såleis ha gode sjansar på husmorskoleplass og følgjande giftemål. Romantikken slutta visst der: No var det fram med forkleet og stryskjorta! (Stry er vevd av det grovaste linet)

Før i tida, før alt endra seg, pla dei unge gutane i flokk reka langs nokonlunde bilfrie landevegar; dei hadde sigarett i munnvika, «traktorsko» med tjukk rågummisåle, glinsande, feit bakoversveis av hårkremen Bryl. Jeans og korte, svarte skinnjakkar. Jakkane var polstra over skuldrane og kunne ha randsydde stikningar som understreka formen på plagget. Dei var tøffe utgåver av seg sjølve dei gutane.

Unge menn som ikkje høyrde til dette miljøet, hadde smale terylenbukser, herrejakkar eller til naud dobbelspent dyffeljakke, lange skjerf nonsjalant slengt over skuldra. Huver var bannlyste, og James Dean var idealet. Hendene djupt i lomma og der låg «Look back in anger», av den britiske diktaren John Osborne. (Se deg om i vrede,1956)

No for tida er no. No er tida der alt er endra.

Skinnjakka er ikkje borte, det er ikkje det. Hardnakka mc-gjengar held framleis på den. Ein slaskut hettegensar har på merkeleg vis overteke hegemoniet på motefronten i vår tid. Ikkje sidan mellomalderen har vi sett slike: Pilgrimmar på veg til Olavskrinet i Nidaros i omfangsrike ferdaklede, djupt bøygde i skam over sine synder.

Hetta var med på å skjule andletet, enten for eventuelle illgjerningsmenn på same stien- eller også vis-a-vis den geistelege, når ein sat i skriftestolen for å be om tilgjeving for sine misgjerningar, lyster og forbodne tankar.

Men ein moderne hettegenser gir generelt ikkje berre skydd for framande augnekast, den signaliserar òg at personen under hetta nødig vil ha kontakt med andre. Eller at han ikkje har reint mjøl i posen. Kanskje er personen full av skam og sjølvforakt? Kven veit.

Ein hatt på skallen derimot, gir bod om det motsette:

Sjå på meg! Eg er høgre enn deg! Og høg på meg sjølv.

(Ikkje ueffent å kunne leggja til 15cm på ein karmann under middels.)

 For før i tida, før alt vart endra, hadde alle herrar hatt. Flosshatt for fiffen, filthatt for lasaronen og mindre småhattar for småborgaren. Med hatt på haue`måtte ein løfte på hatten for å helse på andre hattkaillar med hatt, som igjen måtte løfta på sine hattar.

 Hatt over hatt! Det kunne lett bli komisk.

Så var det Ekstravagante hattar for damer med sjølvtillit, og skaut var for dei med ringare stamtavle.

Nedst på rangstigen kom likevel topphuva, sjølv om den hadde stolte tradisjonar både frå norsk mellomalder, bondekultur og franske revolusjonære.

Men ein hettegenser? Nei, nei og atter nei!

Triste saker.

Dei unge mennene ser ut som om ryggmargen har rent ut av dei. Hettegenseren viser korkje andlet, augo, munn eller nase, og vi trur sjølvsagt det må vera fordi dei har noko å skjule!

Er hettegensergjengen der på andre sida av gata på veg til å gjera eit listig brekk? Tagge ned Noregs bank eller rane einkvan skrøpeleg pensjonist? spør eldre folk seg no.

Nei, gi oss heller attende Dei sinte unge menn, James Dean og hattkaillane, søsterforklea og husmorskolane, skinnjakkane med polstring!

For det er den aller verste tanken som snik seg inn:

 At det er ingenting inne i hovuda på hettegenserane slik dei går der, med knekk i kne og nakke, lute i ryggen, krøykte, oppslukte over - smart-telefonane sine.

 Tida renn: Tik,tak,- Tik tok.

.

Ingigerd Husbyn