Det kan vel ikkje vera så gale å prøva eitkvart nytt? spør vi. Nei da, svarar Grandtante i telefonen; ho er trass alt ei moderne kvinne og går ikkje av vegen for ei ny oppskrift til kakefatet her før jul.

Vi hadde i lengre tid gått og gremma oss over alt feitt, smult og smør som til for å kunne feira ei høveleg, men tradisjonell høgtid, med æra i behald, så vi var på jakt etter eit alterativ. No hadde vi altså «carte blanche» frå ekspertisen.

Og kvar er vel alternative oppskrifter å finne, om ikkje på internett?

Ingigerd Husbyn er kunstner. Hun er fast spaltist i Innherred.

Eit søk etter ein kjær favoritt havrekjeks, denne gong med mindre feitt, vert gjort, og etter kort tid materialiserar seg ei tilforlatande oppskrift frå ei av vår tids mest kjente mat-og helseekspertar.

Lykkeleg den som er eigar av ei datamaskin! Her kan ein jo finna svar på alt, til og med raskt!

-      Før den store høgtida må det gå i ein viss fart om ein skal rekke alle gjeremåla. Foreldreparet t.d. som kjem heim til jul, skal sjølvsagt ha standsmessig dobbelseng, så det fiksar vi i ein fei. Det tok 4 veker! (Her går vi over til 1.person, rett skal vera rett)

Eg må også kjøpe grind som skal skruast fast til vegg/mur ved peisomnen, noko som syner seg å vera useieleg vrient, så handyman overtar det. Det er flytting av møblar, bæring, dytting, rydding, vasking, ny dytting, skubbing, løfting, osv. Nattestunder ligg oppgåvane i stabel under topplokket, av og til røyser dei ned, og eg vaknar med ein smell kl.04.

Ikkje rart at eg den kvelden før jul hiver meg over denne sunne og superenkle oppskrifta. Eg set fart, veg opp havregryn – eg hadde nær sagt i bøttevis, og - litt smør. Ein dråpe melk, rør saman, lat stå over natta!

Hm, merkeleg.

Eg tar ein telefon til Grandtante, men ho søv.

Kjeksdeigen får derfor, etter nøye kvinneleg inspeksjon og vurdering med tommel og peikefinger, litt ekstra rapsolje og ein skvett mjølk. Krydder kan du og ha i, meiner matguruen. (Eg tar kanel.) «Kose seg no alle mine havregryn, i kjøleskapet med dette fine bakekledet over; vi sjåast i morgon på bakstefjøla, god natt!»

Deigen svara ikkje, den var allereie i ferd med å konvertera til betong.

I ettertid ser ein at ein burde ha handla annsleis.

Men:

Kast ikkje mat! sa mor mi. Husmorskole.

Ikkje gi deg! sa far min, han gav seg heller aldri i diskusjonar.

Ein må vårrå hardaug! påstod farmor, gardkjerring med 9 ungar.

Posten skal fram! ropte farfar, han var postmann.

Kva Grandtante seier, har eg glømt, for ho har overlevd to verdskrigar og har alltid retten på si side!

Altså, vi kastar ikkje mat, men går morgonen etter inn for å mjukgjera den no steinharde havrekjeksdeigen, med varme bakefingrar og NRK klassisk!

Det går dårleg. Knokane kvitnar og irritasjonen stig.

Fram med kjevlet.

Ikkje gi seg, legge seg no på med heile bossommen!

Motstridig gjev deigfaen seg over, men nektar plent å flata høveleg ut, så eg legg inn eit ekstra gir og bakstefjøla jamrar seg. Etter rundar med kjevlet i absolutt alle himmelretningar, er tjukknaden på deigen halvt akseptabel, og eg sveitt på ryggen.

Dei søte barnebarna vil nok sikkert verdsetje å få små runde kjeks inn i munnane sine, tenker eg og finn fram det aller minste melkeglaset eg har i skapet.

-      Det er på dette punktet eg har mista oversikt og all forstand og berre køyrer på:

Farmor sine ord om å halda ut med tungt arbeid, kling i øyro, så eg kjevlar og kjevlar, stikk i rasande tempo ut, med 5 handvridningar per stykk - 250 små havrekjeks, som etterpå skal prikkast med gaffel tre gonger: Fader- Sønn og Helligånd- før det bers i steikeomnen.

(Det siste stod ikkje i oppskrifta, men Grandtante vil nok nikke.)

Dagen etter er høgre handleddet mitt stivt og vondt, og smakerunden på resultatet av gårdagens strev og pinsle er nedslåande. Det smakar ikkje havrekjeks, men ingenting, og konsistensen grev seg ned i alle holromma som måtte finnast i munnen og legg seg til rette der.

Så! Kan ein læra noko av denne misèren?

Ein moral, kanskje?

Halde seg til det trygge og velprøvde med osean av smør og smult? Lytte til dei gamle og erfarne?

Ikkje høyre på nye profetar i alle fall; i vårt tilfelle ein ekspert frå helvetet som vil revolusjonera ernæringa vår.

No ja, jula kom den, og jula vart bra, sjølv om eg verken kunne løfte eller leike med barnebarna, med påmontert skinne over mitt smertefulle handledd.

Havrekjeksene låg triste og grå på brødfatet kvar dag, vart leika litt med av dei små, «tut tut her kjem brannbilen» osv.

Utpå nyåret fann sakene vegen til fuglemataren på treet i hagen, og der heng dei framleis.