Sol invictus

Vi har tredd 5 eple inn på 5 pinnar festa til ei enkel trefjøl; den er forma som ein halvsirkel og på stett sett opp i søre vindauget. Vi ventar derfor at den oppståande sol snart skal drysse velsigningar og gode gåver over oss som takk for desse vakre og smakfulle epla.

Intet er nytt under solen, meiner Profeten. Og solen går sin gang, skriv Hemingway.

Ingigerd Husbyn er kunstner. Hun er fast spaltist i Innherred.

Ved solsnu er tida inne for å minne sola på at vi er her, at folk og land er heilt avhengig av henne, og at ho må vera vennleg å koma att til års og.

Ikkje finna på noko tull der ute i verdsrommet, flørte med andre solsystem, til dømes, men vera så god å innfinne seg på plass i rett tid til både våronn og korntørk, samt skine vakkert gjennom glasa våre her kring Trondheimsfjorden. Når vi treng det. Og det treng vi no, sjøl om julereingjeringa skulle ligge på sotteseng.

«Dekk må itte glåme så fært!» sa kona kvast. «Det ærn`te gjort rent te jul her enda.»

Vi stod nemleg ein gong i desember i døra til det digre kjøkenet hennar: vi ville sjå på byggeskikk og interiør må vite. Den gamle Hadelandlåna var sjeldsynt. Ikkje mye her var blitt modernisert sidan huset vart bygd på 1800-talet. Interessant og uvaska! Den uovervinnelege sol skein nemleg skrått inn på både spindelvev og diverse lortrender i krik og krokar.

No ja.

Vindauga må vera skinande reine til jul, så vi kan sjå kven som går julebukk etter vegen, den saka er klår.

Så sjølvsagt må ein stelle pent med sola! Den gode naboen oppe ved gravhaugene har til og med skålgropsteinar frå førkristen tid utom husa sine. Der listar han seg kanskje eller ganske sikkert ut mørke seinkvelden når folk ikkje ser han og gjer plikta si: Legg ein dugeleg smørklatt eller lekker fleskesvor rett i gropa på steinen, slik folket på garden trulegvis har gjeve tributt til sola i uminnelege tider, heilt sidan Arild.

Så er det berre å vente. Reaksjonen kjem nok når ølet er brygga og drukke, for også godt øl høyrer med her nord. Å drikke til. Gamle skikkar held seg godt.

Sola står opp, og sola går ned upåverka av religionar i aust, vest, nord og sør. Men alle har vi tatt henne til inntekt for oss sjølve og vår eigen eksistens. Mange kulturar har opphøgd sola til den einaste guden; her er mange å ta av; til dømes Akhnaton: ein vakker og androgyn farao i det gamle Egypt 1300 f.Kr. Solguden bar namnet Ra eller Aton.

Mitra-religionen like eins dominerte lenge, kom frå Midtausten. Nazistane i Det tredje riket gjorde solkorset og hakekorset til sine fremste symbol. Romarane dyrka sola. Og naturlegvis songaren over alle songarar- i særklasse: Luciano Pavarotti (O sole mio)!

Til slutt var det keisar Konstatin den store, som i 325 på behendig vis klarte å gjera kristendommen til statsreligion utan å forby Sol Invictus-dyrkinga. I ei av dei romerske katakombene (offentlege romerske gravstader) under jorda ved Via Appia Antica i Roma, finn ein kalkmåleri av den unge Jesus, der han blir framstilt både som Jesus og som Sol Invictus, med solstrålar kring hovudet.

Sol Invictus-Kristus. Sol Invictus var altså ein romersk gud, serleg favorisert av den tidlegare keisar Markus Aurelius. På mosaikkar og relieff ser du at hovudet til guden er omkransa av lange, spisse solstrålar: Sigraren, den uovervinnelege, ståande i karmen på ei stridsvogn.

Rett nok var Sol berre ein av fleire romerske gudar før keisar Konstantin gjorde knefall for kristendommen. Smart gjort av han.

Praktisk det å kunne be til to gudar med ei og same bøn. Feiringa av Jesu fødsel vart derfor lagt til tida for dei gamle romerske festane rundt 25. desember.

Karamba! Ein sparte slik både tid og pengar, og folk var nøgde. Ein hyggeleg bi-effekt var sjølvsagt at du i dette jordelivet slapp å miste liv og lemmer i religionsforfølging, i fall du favoriserte den eine guden framfor den andre.

F.eks. bli kasta for løvene - eller - hengt i eit reip frå ein lastebil i Racca eller Teheran.

Kristus kontra Muhammed?  «Vi ber til begge vi», sa den slitne iranaren, som saman med familien hadde fått nei på den første asylsøknaden sin, men som no gjekk rundt og nervøst venta på svaret på ankesaka. Han las trøystande skriftstader og surer frå både bibel og koran som han hadde i sekken. Lurt å satse på begge.

 Burde han også støtta seg til den gamle persiske eld-religionen og hoppa to gonger over bålet kvar noor-oz, nyttår? Ein føggel kvitra i alle fall seinare om at ankesaka hans enda positivt.

Dette vart litt lange liner og mange sprang. Men viktig å sjå bakover for å skjøne kven vi er i dag.

Te løkk me jula!

Ingigerd Husbyn

Kunstner